Skrede er austlegaste garden i Sande med busetting. Skrede ligg under bratte fjell på sørsida av Gurskøya med god utsikt over Rovdefjorden og mot fjella i Vanylven. Dette er ein tur som kan utførast med rullestol.
Frå parkeringsplassen i Oksavika går du vegen austover forbi Tødeneset og Ytre Skrede til vegs ende ca 2 km.
Køyr fv 61 til Årvik, frå Årvik ferjekai køyrer du kommunevegen, Skredestranda, austover ca 3 km, då er du i Oksavika, køyr 150 m forbi husa i Oksavika og parker på parkeringsplass på venstre side av vegen.
Parkeringsplass i Oksavika.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 4,2 |