English

Skogsveg Brekke- Røfsdalen

Vanylven

Kort om turen

Skogsvegen som startar på Brekke i Syvde er ei fin turveg og har eit flott utsiktspunkt over bygda. Vegen har jamn stigning og er godt egna for dei som ynskjer ei trimløype med litt belastning. Vegen er også ideell som sykkelveg, og vil du ha ein lenger tur kan den kombinerast med ein tur innover Røfsdalen til Lundagjerde. 

Ruteskildring

Du kan starte ved fe-rista på Brekke og gå/ sykle Bakkesidevegen på vestsida av Røfsdalselva til utsiktspunktet Brekkesvingen, vidare stigning til Lauasåhaugen. Her får du ein liten unnabakke før vegen stig opp mot vegen sitt høgaste punkt 323 moh. Herifrå går det litt opp og ned, og langs vegen finn du fleire rasteplassar bl.a. Nyestøylen. Du kryssar elva i Buholm og svingar heimover dalen på Styttestranda som går langs Sætrevatnet. Når du passerer hyttene og sela på Røfsdalsætra er det jamn unnabakke ned til hovudvegen på Smedbøen. Denne turen kan du sjølvsagt sykle/ gå motsatt veg. Mange liker det, fordi Sætrevegen har ei jamn stigning. Denne ruteskildringa skildrar hovudruta. Du kan varierere ruta med å ta ein avstikkar på austsida, opp bakkane til Trøvelhjellane, inn dalen til Londagjerde eller velge ei offroad løype langs elva på vestsida. Det er jamt god standard på vegen og den er godt egna for gravelsykkel- terrengsykkel og el-sykkel.

Røfsdalen i Syvde er eit mykje nytta turområde og har eit tradisjonsrikt seterområde. I denne dalen har dyra til bøndene på Myklebust sitt beiteområde og på setervollen beiter sauer og kyr. I dalbotnen renn Røfsdalselva heimover og endar ut i Saurdalsvatnet. På austsida av elva går den gamle sætrevegen som fekk ei oppgradering etter storflaumen i 2004. Sætrevegen går inn til Lundagjerde, der den endar i ein stor innegjerda parkeringsplass. På vestsida av elva går Bakkesidevegen, som er ein kombinasjon av skogsveg og sykkel/ tursti. Den startar ved ferista på Brekke og endar ved Buholm, fremste vassenden på Sætrevatnet. Her er det laga ei bru for å krysse elva frå Lisjerøfsdalen. Langs Bakkesidevegen finn du eit flott utsiktspunkt over bygda i Brekkesvingen.

Tilkomst og parkering

GPS-sporet tek utgangspunkt i sykkeltur med start på COOP Prix i Syvde. Køyr i retning Saurdal og ta av opp Bakkesidevegen rett etter fe-rista ved starten av Saurdalsvatnet. Skal du sykle/ gå skogsvegen på vestsida av Røfsdalselva kan du parkere på avkjørsel i området der vegen startar. Skal du ta ein rundtur kan du parkere langs Sætrevegen i området der Myklebust sameige har kassa for vegavgift. Sjå til at store køyretøy kan passere. 

Fottur
Grønn
Lengde
11,3 km en vei
Stigning
220 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
323 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 4
Grus 8

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven bl.a. Coop marked Syvde.

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON